torsdag 17. juni 2010

Så sauene skvett - rapport frå Bykle. På Ljosland fekk Ivar meir vekt - Jeppe mindre. Turlaget reknar 7 timar til Gaukhei. Me klarte ikkje å komma mykje under det. Lang og god pause i sol hellinga på den idylliske fjell garden pytten. Flott høgfjell mot gaukhei med utsyn i alle retningar. Knall blåe vatn og den høge himmelen som sermerker Setesdal vesthei. Røyk på ein 20 min sleiv ved reinshornvatn. Vi må følge bedre med på kartet for merkinga er ikkje alltid heilt god. Gaukhei er ei flott hytte kor me var aleine. Dei to neste strekka ville bli lange såg me - og det vært dei! Gyseleg lange! Først til Svartenut via Øyuvsbu. Turlaget seier 12 timar. Me var heilt på knea då me kom fram. Analysen var for lite mat og for lange strekk. Folksomt og trivelig på hytta. Gårsdagens tur via Bossbu til Bykle vart ennå tøffare. Flott terreng frå høg fjell til skog..fekk flott room service på bykle hotell. Me tek ikkje sikte på å halde ruta idag - nøyer oss truleg med Berdalsbu. Mykje opp og mye utenom sti! Helsing frå to slitne karar. Overskrifta skal vise at me har gått gjenom gode saue beite og at det gjekk fort!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar